![]()
![]() ![]()
|
|
|
Skarsvegen
Skartsvegen er den gamle bygdevegen frå Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal, og var offentleg veg fram til slutten av 1860-åri då ein ny veg om Dyrlandsdalen var ferdig. Skarsvegen har vore ei viktig ferdselsåre langt attende i tid. Den er ein forlenga arm av Hardingslepa og har såleis vore ein viktig drifteveg. På 1700-tallet nytta vestlendingane denne vegen når dei kom over fjellet til marken på Møsstrond og Rauland.
Nord-Skare Nord-Skare ligg framom den karakteristiske Skarsnuten.
Dette er ein gamal gard og funn av pil frå steinalderen tyder på
Fleire kjende folk har nytta Skarsvegen; Hans Nilsen Hauge, Hans Jacob Wille, Hans Landstad og Magnus Brostrup Landstad. Magnus Brostrup Landstad var sokneprest i Seljord frå 1840 til 1848, og for mange gonger Skarsvegen over til Åmotsdal. I diktet ”Aneksreisen” skildrar han ein slik strevsam tur på veg til kyrkja i Åmotsdal for om lag 150 år sidan:
![]() Vegen blir i dag mykje nytta som turveg og lokalhistorikaren Harald Aakre har skrive bok om vegen og historia rundt gardar og plassar som ligg attmed vegen (Sjå boka ”Husmannsplassar i Svartdal. Harald Aakre 1996). Skarsvegen har Statens vegvesen foreslått som verneverdig med høg prioritet. Dette er ein tur som kan anbefalast! |
|
Send e-post til
webmaster@hjartdalsbygda.no med
spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
|