Hjartdal Kulturkafé

Hjartdalsbygda Bygdesentralen Bygdeblad Kultur Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp

 

 

 

 

 

Hjartdal Kulturkafé - ein småskala fulltreffar

Av Ruth Gunlaug Haug

 

Nyleg er ein epoke innan mat og servering avslutta. Tidligare innehavar av Nordbø Pensjonat, Gunvor Nordbø i Hjartdal er gått bort. Og mange vil minnas hennes virke med god mat og trivelige stunder. Men hennes tradisjonar lever vidare i dei same lokalane. Hjartdal Kulturkafé ligg kloss innpå E134, serverer svært god mat i  trivelige lokale, kan lage til lukka selskap og  både fredagspub og julebord står på aktivitetslista. Vertinna bak det heile er ei godlynt dame med danske røter.

 

Gamle Nordbø pensjonat stod tomt i nokre år. Men saknet av et lokalt mattilbod og møteplass ble etter kvart så stor at Hjartdølene tok nok eit dugnadstak. Staden ble kjøpt av Hjartdalsbygda AS kor bygdefolk er aksjonærar.  Etter nødvendig oppussing på dugnad, starta jobben med  å leite etter ein kafévert. Etter  lengre søken fant styret den dei ville ha. Helle Gjerde, busett på småbruk i Sauland, men opprinneleg frå Nord-Jylland i Danmark tok utfordringa i vår.

 

Då ble læringskurven bratt. Ikkje før var dørene opna, før gamle og nye kundar strømma til. Sjølv ein kaffitørst Aftenposten journalist ble imponert og skaffa Hjartdal Kulturkafé god presseomtale. I løpet av sommaren var besøket svært godt, og til tider var kafeen fylt til trengsel av turistar og lokale. Og det er ikkje så ofte at restaurantgjester takker for maten og helser før dei fornøgd reiser vidare. Sjølv dei mest erfarne husmødre lot eigen tradisjonskost fare til fordel for kafébesøk.. Og rykte vil ha det til at dei let vel…..

 

Du kan ikkje vente vanlig kafémat når du entrar døra til Hjartdal Kulturkafé. Maten består i hovudsak av lokalt råstoff og spesialitetar, avhengig av sesong og tilgang. Men det danske kjøkken er også kjent for god mat og Helle meistrar å kombinere sine kunnskapar til beste for den svoltne vegfarar. Maten serverast på delikat vis, smakar kjempegodt og prisen treng du ikkje bekymre deg for. I tillegg til servert mat, finn du i kafeen utsal av lokal ost, flatbrød, honning, eplesaft, urter og andre godsaker frå Hjartdalsbygda og Telemark.

 

Og når haustmørkret faller på, kan Hjartdølene glede seg over ein trivlig møteplass. Hit er også nabolaget velkomen. Det lokale julebordet er allereie fullteikna ein månad i forveien og Helle har fått god assistanse frå Sanita Berke, latviar med lengre erfaring frå Hjartdal. 

 

Det anbefalast eit stopp på Hjartdal Kulturkafé utover våren. Men sjekk ut opningstidene. Førebels er torsdag til søndag  kafédagar, kanskje blir januar ein fortent pause for  dei kreative, dyktige og initiativrike kafévertane. Uansett, du er velkommen!

 

Last ned brosjyre i PDF format (570k)

Hjartdal Kulturkafé

 

V/ Helle Gjerde

Telefon: 35 02 34 10

Mobil: 99 25 87 90

3690 Hjartdal

 

Hjartdalsbygda ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 06 oktober 2009