Bygdesentralen

Hjartdalsbygda Bygdesentralen Bygdeblad Kultur Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

 

 

 

 

 

BYGDESENTRALEN

  

Hjartdal turist- og bygdesentral ligg i bygda Hjartdal, like ved E134, 2 mil vest for kommunesenteret Sauland og 2 mil aust for Seljord. Sentralen er skilta ved E134. I bygningen ved sidan av finn du Nordbø Pensjonat.

 

Hjartdal turist- og bygdesentral husar mange ulike føretak som yter service til både bygdefolk og turistar:

                                                                                                             

Bygdesentralen / Frivillighetssentralen

Sentralen er ein møteplass for bygdefolk. Her arrangerast møter, kursverksemd, formiddagstreff m.m. Sentralen er open kvar dag.

Opningstider: mån – fre 0830 - 1500

 

Kulturlandskapssenteret i Telemark

Kulturlandskapssenteret driv med allsidig formidling og konsulenttenester innan kulturlandskap. Sjå også www.kulturlandskapssenteret.no. Kontortida varierer og me er mykje ute på oppdrag, men ta gjerne kontakt på telefon 35024067.

 

Telegardar

Telegardar er ei samanslutning for ulike gardsturismetilbod og andre reiselivsverksemder i nærområdet. Sjå også www.telegardar.no, eller ta kontakt på telefon 35024950.

 

Pakketilbod

Telegardar og Kulturlandskapssenteret kan kvar for seg eller ev. saman tilby forskjellige pakkeløysingar, både for ein og fleire dagars opplegg, for små og store grupper. Ta kontakt med oss, så kan vi skreddarsy eit opplegg tilpassa dykkar ynskje!

 

Bibliotek

Biblioteket er ein filial under Sauland bibliotek. Her er det opent kvar onsdag frå kl 1600 – 1900 og er betjent av bibliotekar. Elles betjent av bygdesentralen.

 

Avløysarlaget

Avløysarlaget for Hjartdal og Notodden har kontor på sentralen.

Fast kontordag: kvar måndag. Dei andre dagane er fleksible

 

Fotpleie

Fotpleia er betjent ein laurdag kvar annan månad. Bygdebladet annonserer.

 

VIKTIGE TELEFONNUMMER

Turistinformasjon

35 02 48 68

Bygdesentral / Frivilligsentral

35 02 48 68

 

Bibliotek

35 02 48 68

Avløysarlaget

35 02 47 60

Fotpleie

35 02 48 68

Kulturlandskapssenteret 35 02 40 67

Telegardar

35 02 49 50

 

 

Hjartdalsbygda ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 06 oktober 2009