Gullforekomsten ved Bleka gullgruve vart funne i slutten av 1870-åra. Her var
det drift frå 1882-1901 av det franske gruveselskapet Compagnie Francaise des
Mines de Bamle, og i perioden 1933-1940 av AS Bleka gruber.
Halvor
Kjetilson Barstad (1845-1934) var den fyrste som tok ut prøver av metall frå
fjellgrunnen i Bleka. Barstad var bergverksarbeidar i det franske gruvekompani
i Bamle. Ein mann ved namnet Knutsen frå gruvebyen Kongsberg ordna
formalitetar for å kunne ta ut skjerp som seinare vart seld til det same franske
gruveskompaniet kor H.K. Barstad hadde arbeid.
K. Kostka
var Administrerande direktør og budde i administrasjonsbygningen ved gruvene. I
1897 vart det bygd smeltehytte og veg opp til gruvene. Kompaniet drev gruvene i
om lag 15 år over tre periodar. På det meste hadde gruvene ein arbeidsstyrke
på 80 mann. I den tredje perioden var det ca 25 mann ved verket.
Det
franske gruveselskapet tapte vel ein halv million på drifta ved Bleka gruver.
Selskapet selde gruvene og eigedommen Blika til advokat Cappelen i 1916 for 15
000kr. I den tida Cappelen hadde gruvene vart mykje utstyr flytta frå Blika til
Dalen. Cappelen selde eigedommen vidare til ingeniørane Heide og Vegger i
Sandefjord for 70 000kr. Omkring 1920 har grosserar Werner i Bergen kjøpt Bleka
gruver og eigedommen for 100 000kr.
Fram til
1930 stod husa på gruva slik dei gjorde på den tida det franske gruveselskapet
hadde drift her. Hovudbygningen var langstrakt. Bygningen var påkosta innvendig,
men ikkje særskild fin utvendig. Her låg protokollar og rekneskapsbøkar etter
franskmennenes drift. Søren Høgetveit frå Hjartdal var murar og Eivind Haugstoga
stod for mykje av snikkerarbeidet på hovudbygningen. I maskinhuset stod motorane
og knusemaskina på sin plass i 1930. Reiskap, spader, hakker og grev låg i
haugar kvar for seg. På spiker på veggene hang lange rekker med gamle
gruvelamper og på eit stort bord låg det diglar og smelta malmklumpar. I smia
var det minebor og i smeltehytta kunne ein sjå smelta og usmelta malm. I et skur
nær smeltehytta vart det lagra koks som ble brukt som fyringsmiddel.
Hans
Helgesen var oppsynsmann. Han budde på Svartdal og hadde løn frå det franske
gruveselskapet for å ha tilsynet med gruva og vedlikehald på bygningane. Etter
at Helgesen slutta som oppsynsmann, omkring 1913, tok husa og området til å
forfalle. Gruveinngangane grodde att med kratt og skog og den gamle flaggstanga
på Flaggstanghaugen stod utan flagg.
Ingeniør
Halvard Dale og bergmeisteren for Telemark, Rieber, tok nye prøver og analyser
av bergverksførekomstane i malmhaugar som låg usmelta frå tidligare drift
omkring 1930. Ingeniør Arthur Lewin gjorde også undersøkingar. Resultatet var
gunstig og i 1933 vart det drift ved gruva att. Direktør Alf Frantzen stod for
drifta denne gongen. Gruva vart organisert til aksjeselskapet A/S Bleka Gruber.
Staten løyvde 300 000 kr til drifta. Halvor Haugsvold var maskinist og Halvor
Bleka var smed og snekkar.
Et
flotasjonsvaskeri vart bygd for å skilje ut gull og andre edle metall. Malmen
vart handskeidet, vaska, og konsentratet vart sendt til Tyskland. Det vart
sendt 2 kg reint gull til Norges Bank frå Blika-gruvene i 1930-åra. I 1937-38
var det 17-18 tilsette ved gruva. Paul Omholt frå Kongsberg sølvverk leigde
drifta på Bleka i åra 1939-40. Drifta tok raskt slutt da krigen starta.
Ei natt i
1957 brann hovudbygningen ("ingeniørboligen") ned til grunnen. Alle
opplysningar om drift og arbeidsgang frå tida då gruvedrifta starta vart borte i
brannen. Eit sørgjeleg tap og folk i grenda syntest at dette var ein mystisk
brann.
Eit gamalt prospektkort syner dei mange
driftsbygningane ved gruvene. Mannen på bilete kan vera Hans Helgesen som budde
på Sud-Svartdal ved århundreskiftet, og hadde tilsyn med gruva (Kjelde Seljord
Sogelag).
Gamle driftsbygningar ved gruvene. Det
nærmaste vart bruka til å lagre malm i. Bakom ligg maskinhuset. Til høgre for
dette ligg ein garasje og lengst til høgre ligg eit gamalt eldhus.
Arbeidsfolk
utanfor eit innslag ved gruvene. På toppen her stod ”Steinhuset” eit hus
der stein vart knust med ein hammar. Huset lengre ned var smie for å laga
reiskap.