![]()
![]() ![]()
|
|
|
SVARTDAL
Etter kvart som dalen vert smalare klatrar vegen høgare opp i lia. Frå vegen gjer mindre gardsvegar korte avstikkarar til gardsbruka i dalsida. Ned for Nørsteteig møtast åi frå Åsdalen og åi frå Minnesjorddalen i Hysingjuvet. Dalføra Åsdalen og Minnesjorddalen høyrer inn under området Svartdalheiene som ligg innafor landskapsvern-området Brattefjell Vindeggen. Frå
vikingtida og fram til 1500 tallet er det lite å finne om busetjinga i Svartdal.
Fyrst i 1547 er namnet ”Suartdall” nemnt i skriftelege kjelder (Flatin 1954). Av
fornminner (kulturminne eldre enn 1537) er det registrert ein spydspiss og ljå
frå merovingertiden (550-800 e.Kr) på garden Su-Blika, og ein pilespiss frå
steinalder på Skaret (database hos oldsaksamlinga i Oslo; www.dokpro.uio.no).
H. J. Wille omtalar i boka ”Beskrivelse over Sillejords Præstegjeld”, ein
gravhaug på garden Haugsvold i Svartdal. I Svartdal i dag bur det om lag åtti personar og fleire av desse er barnefamiliar. Det er 35 gardsbruk i grenda og fast busetjing på 17 bruk. Dei andre bruka vert flittig nytta i helg og fritid. Svartdal er ei grend med eit særs verdifullt kulturlandskap. Rasjonaliseringa med storstila oppdyrking av kulturlandskapet dominerer ikkje i Svartdal. Her er det framleis mykje gamalt kulturlandskap intakt, som eit resultat av tradisjonell drift som har vore oppretthaldt i særs lang tid. Saman med Hjartdalsbygda vart Svartdal ominert til UNESCOS internasjonale kulturlandskapspris i 2003. I grenda er det elles bedehus og kapell, og Telemarks einaste gullgruve, Blika gruver, var i drift er frå 1882-1900 og 1933-1940. I 1930 åra vart det send 2 kg reint gull til Noregs Bank frå Blika.
Landbruk og kulturlandskap
UNESCO-nominasjonSeljord kommune og innbyggjarane har gjennom stort engasjement og mykje arbeid tatt ansvar for å halde kulturlandskapsverdiane levande i Svartdal. For dette vart Seljord saman med Hjartdal kommune nominert av Miljøverndepartementet som Norges kandidat til "Melina Mercouris internasjonale kulturlandskapspris 2003". Prisen som delast ut av UNESCO, går til gode dømer på sikring av viktige kulturlandskap.
Biologisk mangfald
Urterike slåtteenger I slåtteengene i Svartdal kan ein finne orkidear, mellom anna brudespore, kvitkurle og søstermarihand i saman med fleire andre sjeldne og verdfulle arter som høyrer til i gamal slåttemark. |
|
Send e-post til
webmaster@hjartdalsbygda.no med
spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
|