Opplev Hjartdalsbygda

Hjartdalsbygda Bygdesentralen Bygdeblad Kultur Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Om Bygda
Kulturlandskapssenter
Slåttefestivalen
Turisme
Bondeopprøret
Vêret

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Bygda Hjartdal er ei av tre bygder i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal. Hjartdal ligg langs E 134, 16 mil frå Oslo, mellom Notodden og Seljord, - i hjarta av Telemark! Under eit bygdemobiliseringsprosjekt kalla ”Eldhusprosjektet” (2003-2006) oppstod omgrepet Hjartdalsbygda, eit grep for å skilje bygda frå kommunen. Hjartdalsbygda er fyrst og fremst kjend for sitt særeige og frodig kulturlandskap.  Bygda har to krinsar. Nærbutikken ligg i Gvammen, medan Hjartdal Turist- og Bygdesentral ligg i Nordbygda.

 

Hjartdal Turist- og Bygdesentral (på folkemunne, Bygdesentralen) har etter kvart utvikla seg til ein liten næringshage, der m.a. Frivillighetssentralen, Kulturlandskapssenteret og Telegardar har kontorlokale.  Her kan du få hjelp til å finne fram i bygda med eit særeige kulturlandskap og levande tradisjonar. Døme på tilbod og aktivitetar i bygda;

- overnatting i gamle gardstun

- sal av tradisjonsmat og servering i gamle stuger

- utsal av tradisjonshandverk

- vandring i gamalt kulturlandskap

- stulesbesøk og andre utmarkstilbod

- pakketilbod for både små og store grupper

- Slåttefestivalen

- Hjartdalspelet (Bondeopprøret, Hjartdal-Junaiten)


Her er det ein oversikt over det som skjer i bygda


 

Er det nokon som har stoff som dei meiner bør ligge der så må de seia i frå til bygdesentralen, eller poste denne infoen til web-ansvarleg.


Kontaktinformasjon

Ring eller besøk Bygdesentralen for meir informasjon.

Telefon
350 24 868
Telefaks
350 24 825
Postadresse
3690 Hjartdal
Elektronisk post
Generelle opplysningar: post@hjartdalsbygda.no
Salsavdeling:
Kundestøtteavdeling:
Web-ansvarleg: webmaster@hjartdalsbygda.no

 

[ Hjartdalsbygda ] Om Bygda ] Kulturlandskapssenter ] Slåttefestivalen ] Turisme ] Bondeopprøret ] Vêret ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 15 mars 2010